Gullingen hyttetun har 10 hytter tilgjengelege for utleige. Hyttene ligg i eit etablert hyttetun i nærleik til skitrekket, løypetraseen og leirskulen på Gullingen. Alle hyttene er godt utstyrte med mange sengeplassar og enkelt møblement. Dei ligg i eit svært ettertrakta friluftsområde som har svært mykje å by på, uansett kva tid på året du kjem. Meir om Gullingen-området finn du her.

Gullingen hyttetun

Hyttene* har tidlegare blitt brukte i samband med leirskulen. Hyttene har:

  • 2 soverom med køyesenger og skap pluss hems = 9 sengeplassar
  • 50 m2 grunnflate
  • Bad med dusj og toalett
  • Kjøkken med bord og stolar, skap og skuffer, oppvaskmaskin, steikeomn og lite kjøleskap
  • Stovekrok med sofa og salongbord + lite tv-bord
  • Panelomnar og vedomn
  • Tørkerom
  • Romslig bod til ved og skiutstyr
  • Stor veranda med benk/bord
  • Parkering ved hyttetun eller i nærleiken
  • Kjøreveg heilt fram til hytta

 

*Alle hyttene er like innvendig og utvendig, men variasjonar i inventar kan førekomma.