Eineståande turområde på Gullingen

Gullingen er eit attraktivt turområde både sommar og vinter, og det er ikkje utan grunn.

Vinter og snø

Skitur Breiastøldalen
Rundt Mosvatnet på Gullingen er det lysløype. Alt i alt er det om lag 50 km med langrennsløyper på Gullingen.

Gullingen er kjend for å vera eit ski-eldorado, og her finst tilbod både for deg som likar langrenn og deg som likar utfor. Vinterstid har Gull-Spor fullt hyre med å kjøra opp gode langrennsløyper i området rundt Mosvatnet, både korte og lange turar finn du her.
Gullingen er dessutan eit ypparleg område for skileik og moro for små og store. Skileiken ligg i området ved leirskulen.
Gullingen skisenter har tilbodet for deg som står slalom eller brett. Med tre trekk, nyinstallert barneheis og fint oppussa varmestove er dette ein kjekk plass for heile familien å tilbringa vinterdagane.
Lenker til:
Gullingen skisenter
Løypekart langrenn på Gullingen.no
Løypekjøraren på Gullingen

Ute heile året

Mosvatnet om sommaren.
Området rundt Mosvatnet er mykje i bruk både sommar og vinter.

Når snøen er forsvunne kjem den andre sida av Gullingen fram: Turområdet med etablerte turstiar både i nærområdet og i Suldalsheiane øvrig. Her er også flotte vatn til å fiska i eller padla med kano på. Gullingen er eit godt utgangspunkt for deg som ønskjer å jakta i Suldal.
Lenker:
Jakt i Suldal (Turistkontoret)
Rundtur i Suldalsheiene
Webkamera frå Gullingen
Vêrvarselet

Bilde: Området rundt Mosvatnet er mykje i bruk, sommar som vinter.