Verven 8 – meieribygget på Sand

Meieribygget på Sand

«Meieribygget»

Verven 8, 4230 SAND

Dette er vår intensjon med bygget:

  • 5 nye leilegheiter
  • Utbetra fasaden
  • Dei som driv næring i bygget i dag får tilbod om å halda fram med det
  • Sjå på moglegheit for parkeringsplassar i underetasjen, viss denne ikkje blir brukt til næring

Skisser for utbetring av Meieribygget i Verven 8. Klikk på bileta for å sjå større versjonar.

Planteikning Meieribygget på Sand
Suldal kommune vurderer å riva den delen av bygget som er øvst til høgre på denne teikninga, før Undebakke tek over.

Meieribygget mot Gata. Meieribygget i Verven 8.

Om Verven 8 – Meieribygget

Underbakke overtar snart heile eller deler av bygget, jfr kommunestyrevedtak frå juni 2017.

Me ønskjer å bruka bygget til næring, tenesteyting, kontor og bustadføremål. I kommunestyrevedtaket heiter det at kommunen ønskjer å riva den delen av bygget som vender mot sjøen. Viss ikkje dette lar seg gjera for den summen kommunen har sett av til dette, vil me få kjøpa heile bygget.

Underbakke har gjeve Suldal kommune garanti på at minimum tre leiligheitar skal vera ferdige, og tilhøyrande fasade oppgradert, innan 31.12.2020.