Bestill rom på booking.comSuldal hotell ligg midt i Sand sentrum, 20 meter frå Sandsfjorden. Me har 23 enkelt- og dobbeltrom med bad, wifi og fjordutsikt, og tilbyr rimeleg overnatting midt i Ryfylke.

Du finn parkering rett utanfor hotellet og i umiddelbar nærleik. Hurtigbåten frå Stavanger legg til berre 2 minutt gange frå hotellet

Slik finn du fram til Suldal hotell:

Tlf: 51 22 55 55

Kart (GPS: Gata 2, 4230 Sand)

Båtruter: Frå Stavanger til SandFrå Sand til Stavanger

Slik ser hotellet ut:

Suldal hotell frå fjordsida

Slik ser det ut frå fjordsida.

Kjedlaren, puben vår

Kjedlaren, framsida

Inngangspartiet til hotellet

Inngangspartiet, framsida 

Du finn oss midt i sentrum, med båthamn, butikkar og kulturtilbod rett utanfor hotellet.

Suldal hotell – midt i reiselivet

Suldal kommune har lange tradisjonar for hotelldrift. Laksefiske og storslått natur har lokka reiselystne til kommunen i årevis. Suldal hotell slik me kjenner det i dag opna i 2013, men det har vore hotelldrift i bygget vårt ved fleire høve opp gjennom tidene.

Overnatting i Ryfylke

Vårt fortrinn er den praktiske plasseringa i sentrum, med parkering rett utanfor hotellet og hurtigbåten 2 minutt unna. Anten du kjem som laksefiskar, turist eller som anleggsarbeidar: På Suldal hotell vil du finna rimeleg og god overnatting på Sand – perla i Ryfylke.