58108573
58108343
57616003
57615985
58108235
58108201
57615957
57962814
57962892
57963218
58108030
58110631
58110614
leikerom_Suldal_hotell
utsikt_Suldal_hotell
utsikt2_Suldal_hotell

Bestill billig overnatting på booking.com
Rom på Suldal hotell – for turistar

Rimeleg og hyggeleg overnatting, midt i hjarta av Ryfylke.

Midt i Sand sentrum ligg Suldal hotell i idylliske omgjevnader, med utsikt til Sandsfjorden som ligg berre nokre meter unna. Suldal hotell er omkransa av butikkar og severdigheiter som Høse Bru og vår nasjonale lakse-elv Suldalslågen. Naturen er tett på.

Sand i Suldal er ein naturleg stoppeplass for deg som reiser mellom Preikestolen og Trolltunga.

Rom på Suldal hotell

Me har 23 rom fordelt i to etasjar: 14 enkeltrom og 9 dobbeltrom. Innsjekking klokka 15, utsjekking klokka 12, eller etter avtale.

Fasilitetar:

  • Bad
  • Wifi
  • Fjordutsikt (dei fleste)
  • Frukost 24 timar
  • Smørelunsj
  • Parkering

Les våre reviews på Facebook.

Mat og drikke

Suldal hotell i Ryfylke er eit sjølvbeteningshotell med fullpensjon. Det betyr at me ikkje serverver lunsj og middag på hotellet. Me har derimot frukost tilgjengeleg 24 timar i døgnet i frukostsalen vår. Middagen din inntar du hjå Kulp Bistro (ikkje i same bygg).

Parkering

Det er gode parkeringstilhøve rundt hotellet. Kontakt oss før du kjem, så kan me fortelja deg kor du best parkerer.

Les våre reviews på Google bedrift.

Trening

Suldal Hotell har avtale med treningsstudioet STAS Ryfylke. Gi beskjed viss dette er aktuelt for deg.

Kva kan Sand og Suldal by på?

Sand er kommunesenteret i Suldal og perla i Ryfylke. Me er kjende for vår flotte natur med eit rikt tilbod av aktiviteter og severdigheiter. Suldal kommune er ein langstrekt kommune med høge fjell og djupe fjordar.

Ting å sjå og oppleva på Sand:

  • Suldal bad
  • Høse bru og Suldalslågen
  • Kulturhuset i Suldal
  • Ryfylkemuseet med utstillinga Kvitebjørnen (for barn)
  • Nasjonal turistveg Ryfylke
  • Turistinformasjon
  • turstiar
  • fiske
  • daglegvarebutikkar
  • sportsbutikk
  • sko og klede
  • kafe, restaurant og bistro
  • bensinstasjon
  • apotek
  • kyrkje
  • hamn

Ting å sjå og oppleva i Suldal kommune:

  • Stranddalen turisthytte og andre turisthytter, betente og ubetente
  • Suldalsporten
  • Ryfylkemuseet har strandstaden på Jelsa, Litunet, Håland, Kolbeinstveit og Røynevarden
  • Eit rikt nett av turstiar
  • Skibakke og løyper på Gullingen