58108573
58108343
57616003
57615985
58108235
58108201
57615957
57962814
57962892
57963218
58108030
58110631
58110614
leikerom_Suldal_hotell
utsikt_Suldal_hotell
utsikt2_Suldal_hotell

Bestill rimeleg overnatting på booking.com

Rom på Suldal hotell – firma

Overnatting med fullpensjon til ein svært fordelaktig pris. Suldal hotell har 23 rom: 14 enkeltrom og 9 dobbeltrom. Me har god erfaring med å huse gjester som arbeider med prosjekt på Sand og i Suldal elles over kortare og lengre tid. Ønskjer du ein langtidsavtale for dine tilsette, ta kontakt med oss i dag.

Fasilitetar:
Innsjekking klokka 15, utsjekking klokka 12, eller etter avtale.
• Bad
• Wifi
• Fjordutsikt (dei fleste)
• Frukost 24 timar
• Smørelunsj
• Middag hjå Kulp Bistro
• Parkering

Les om oss: Reviews på Google bedrift.

Mat og drikke

Suldal hotell er eit sjølvbeteningshotell med fullpensjon. Me har frukost tilgjengeleg i frukostsalen vår heile døgnet. Gjestene våre smører lunsj med seg og inntar middag hjå Kulp Bistro på Garaneset (ikkje i same bygg som oss).

Les om oss: Reviews på Facebook.

Parkering

Suldal hotell har nokre eigne parkeringsplassar. Det er også gode gratis parkeringstilhøve i nærleiken. Kontakt oss før du kjem, så avklarar me parkering nærare.

Trening

Suldal Hotell har avtale med treningsstudioet STAS Ryfylke. Gi beskjed viss dette er aktuelt for deg og dine tilsette.

Kva kan Sand og Suldal by på?

Sand er kommunesenteret i Suldal kommune. Sandsfjorden flyt fint forbi og er ein god kanal for så vel rekreasjon som kommunikasjon. Kommunesenteret vårt har eit fint tilbod av butikkar og spisestader. Meir om tilbodet på Sand og i heile Suldal finn du på våre nettsider og på nettstaden til Visit Suldal.