Bestill hotell i Suldal på booking.comSuldal hotell ligg langs Nasjonal turistveg Ryfylke, riksveg 13, nede i Sand sentrum. Bu på hotell i Suldal – midt i sentrum – der finn du også:

Suldalslågen

Ryfylkemuseet med Kvitebjørnen (aktiv utstilling for barn)

Kino og kulturtilbod

Hurtigbåt (Ryfylke – Stavanger / Stavanger – Ryfylke)

Turistkontor

Eit godt utval daglegvare- og andre butikkar

Gode fiske- og turmoglegheiter, med den nasjonale lakseelva Suldalslågen rett attmed og Gullingen som eit svært attraktivt utfartsområde berre ein kort kjøretur unna.

Bu på hotell i Suldal?

Sand er kommunesenteret i Suldal. Sand sentrum er eit hyggeleg sentrum med kvite trehus heilt ned til fjorden, ei hovudgate som faktisk heiter Gata, og med små butikkar som har det aller meste av det du treng. Suldalslågen som renn ut i Sandsfjorden er ei svært ettertrakta lakseelv av nasjonale dimensjonar, og det er gangavstand frå hotellet til elva og den prislønna Høse bru.

Bur du på Suldal hotell i Suldal, har du naturen tett på, og samstundes ligg vegen og fjorden rett ved når du skal komma deg til og frå.