Næringsparken

 

Dette er bedriftspresentasjonar frå den tidlegare Facebook-sida til Næringsparken. Næringsparken si side blir nå slått saman med Underbakke as si Facebookside.

Statnett

Godt etablerte på Sand

Statnett etablerte seg med anleggskontor på Garaneset i januar, og til nå er ni personar installerte på Sands-kontora. Ein kortreist gjeng, ifølgje Bjarte Skipevåg i Statnett.

Jelsa kyrkje

– Me hjelper deg med alt til gravferda

– Hovudoppgåva vår er å hjelpe dei pårørande som er i sorg og skal gå gjennom ei vanskeleg tid, seier Gunda Berge og Monica Berge Fjæra i Suldal gravferdsbyrå.

Fonnafly coverbilde

Med base på Sand

Dei tar all slags oppdrag, Fonnafly. Både dei eksotiske og dei meir daglegdagse.

Suldal vekst cover

Skapar vekst i Suldal

Suldal Vekst jobbar for at du som har ein ide og vil å starta for deg sjølv skal få det til, og for at du som allereie driv bedrift skal kunne veksa.

Vil gjera deg synleg

Var du på 100-årsjubileet til Suldal Elverk nyleg? Då er sjansen stor for at du fekk med deg eit Filter-produkt heim. Det er nemleg dei som har laga det flotte jubileumsmagasinet som elverket delte ut til dei som kom og var med på feiringa.

Kulp over

Travle dagar på bistroen

Terje Bjørndal på Kulp Bistro har all grunn til å smila om dagen. Det går så det susar rundt han, og nå har han tilsett ytterlegare to nye kokkar på Garaneset.

Vårklare på Monter

Det er helst lyse og lette fargar det det går i, til hus og hytter, både ute og inne, ifølgje Laila Vikse, butikksjef på Monter Suldal. Der merkar dei godt at våren og varmen er komen.

Jobbar for lærlingane

– Ein typisk arbeidsdag for meg? Eg er mykje ute og treff ungdom og bedriftene dei er i. Eg skriv kontraktar, held kurs, har vurderingssamtalar og melder lærlingar opp til fagprøve.

Ute på oppdrag: Ingve Landsnes, Jostein Aarhus og Nicolai Pedersen.

Førebur tomter i Erfjord

KV-Bygg Suldal har nok å henga fingrane i. Nå startar dei snart førebuingane til eit nytt prosjekt på Stølane Sør, i Erfjord.

– Mat må me ha

I Næringsparken på Garaneset har me nå eiga kantine der alle som jobbar på huset kan kjøpa seg fersk og god lunsj kvar dag.