Fiksar både smarthus og vanleg hus

Viss folk vil ha seg smarthus, har me kompetansen, seier Jan Rune Hoftun i Helgevold elektro.

Dei tilsette i Suldals-avdelinga har nok å gjera på, men vil gjerne ha fleire utfordringar når folk er klare for det.

Helgevold elektro
– Me er som ei bedrift i bedrifta, seier Jan Rune Hoftun (t.v.) og Glenn Magne Gjerde i Helgevold elektro. Seks av vel 140 tilsette i bedrifta held til i Suldal, fem av desse på Sand.

Hoftun styrer avdelingskontoret Helgevold har på Sand, der han har fire tilsette til med seg. Dei jobbar mykje med hytter og hus i Suldal, samt mange sørvisoppdrag for kommunen. – Me skal dessutan vera med på jobben med det nye kloakkstasjonen ved Mosvatnet, det begynner me på til hausten, seier Hoftun. – Me har også mykje arbeid relatert til landbruket, som reparasjon og vedlikehald av brannsikringsanlegga på gardane.

Det Sandeidbaserte firmaet Helgevold Elektro har hatt avdelingskontor på Sand i fleire år, og dei tre siste åra har dei hatt tilhald i Næringsparken på Garaneset. Her har dei fem tilsette sin base, kontor og eit lager. Hoftun har dessutan jamleg kontakt med Sandeid, der er han innom kvar veke.

Suldalsbasen tel faktisk seks personar, fortel Hoftun og kollega Glenn Magne Gjerde. Sjettemann har tilhald på Ropeidhalvøya og jobbar ut derfrå.

Suldalsavdelinga har vore lærebedrift dei siste åra og hadde nett ein lærling som tok fagbrevet. Til hausten kjem det ny lærling. Det er ein bra ting, meiner Hoftun, som håper og trur at det er med og sikrar rekruttering til bedrifta. ­At næringa deira lir hardare skjebnar i Stavanger for tida, er ikkje noko dei merker særleg mykje til her.

– Me opplever eigentleg mest at folk er veldig opptatt av å få pris på sjølv småjobbar nå, imot det dei var før. Det blir meir tid på rekning og tilbodsskriving for oss, men elles kjenner me ikkje noko spesielt på nedgangstidene.
Helgevold på Facebook