Ute på oppdrag: Ingve Landsnes, Jostein Aarhus og Nicolai Pedersen.

Førebur tomter i Erfjord

KV-Bygg Suldal har nok å henga fingrane i. Nå startar dei snart førebuingane til eit nytt prosjekt på Stølane Sør, i Erfjord. Der blir det både bustadtomter og fleirmannsbustader, så fort styresmaktene gir klarsignal. Elles er det både bustadbygging og vøling det går i om dagen, fortel dagleg leiar Cecilie Jelsa. Nett nå har dei sluttført andre etasje på helsetunet, og dei skal straks starta andre del av vøling av taket på Rygjatun.

Ute på oppdrag: Ingve Landsnes, Jostein Aarhus og Nicolai Pedersen.
Ute på oppdrag: Ingve Landsnes, Jostein Aarhus og Nicolai Pedersen.

Det nye reinseanlegget ved Mosvatnet tar dei til med i slutten av mai, og så skal dei også gjera byggeklare dei siste tomtene på bustadfeltet Haugen Vidsyn på Sand. Der kan Jelsa nøgd slå fast at det meste av det som er oppført er seld, hovudsakleg til unge folk med tilknyting til Sand.
KV-Bygg Suldal har etter kvart fått djupe røter i Suldal og har vore dedikerte i satsinga på lærlingar. Det har vist att i form av at dei vart Årets lærebedrift 2014 i Rogaland. I år vart dei dessutan kåra til Årets Suldalsbedrift 2015.

Ute på oppdrag: Ingve Landsnes, Jostein Aarhus og Nicolai Pedersen.

Firmaet har sitt utspring frå Kalstveit og Vik, og dei har hatt fast tilhaldsstad i Næringsparken på Garaneset sidan 2002. Dei vart sjølvstendig firma, KV-bygg Suldal as, i 2004. Dei er i dag 22 tilsette, om lag 4 ½ stilling har kontor i andre etasje i Nærinsgparken.

Nye portar er installerte og ny veggkledning skal på plass. Ein fin dag for utearbeid når sola skin på Nicolai og kollegaene.
Nye portar er installerte og ny veggkledning skal på plass. Ein fin dag for utearbeid når sola skin på Nicolai og kollegaene.

– Me starta eigentleg nede i første etasje, der Kulp er nå, men flytta etterkvart opp, seier Jelsa.

I år vart dei kåra til Årets Suldalsbedrift 2015.

Sjølv om dei strengt tatt kunne bygd seg eit administrasjonsbygg med lager sjølve, kjem dei alltid tilbake til at det er ei meir fleksibel og lønsam løysing å vera ein del av eit kontorfellesskap. – For oss som byggfirma er det ein stor fordel å vera i same bygg som Monter der folk er innom og handlar byggjevarer, seier Jelsa. – Her er dessutan eit godt miljø med mange kjekke folk, og me har felles kantine i lag. Me har det bra her me er.
Foto oppe: På soldekket: Jan Erik Kalstveit, Cecilie Jelsa, Arnstein Landsnes og Bjarte Leirvik er fire av dei tilsette som har kontor i Næringsparken. Morten Jelsa og Maren Landsnes finn du også i gangane på Garaneset.
KV-Bygg på Facebook