Endre Fivelstad

Frå Møre til Suldal

One Nordic har etablert seg i Næringsparken på Garaneset.


One Nordic Kraftmontasje as er ei entreprenørbedrift som jobbar med tunnel-installasjonar, bygging og vedlikehald av kraftlinjer. På prosjektkontoret på Sand sit i dag ein person, Endre Fivelstad, men ute i felten har dei ein styrke på 15-20 mann totalt. Og felten i denne samanhengen er området Førre i Forsand til Hjorteland i Suldal, der dei er engasjerte av Statnett i arbeidet med flyttinga av ei 66 kilovolt straumlinje for å gje plass til ei ny 420 kV-linje. Arbeidslaget jobbar i ein 12/16-rotasjon, forklarar Fivelstad.

– Det betyr at 7 til 10 mann alltid er til stades på anlegget.

One Nordic Kraftmontasje as basen sin i Vestnes i Møre og Romsdal, og har rundt 90 fast tilsette. Det er altså ein liten bit av selskapet som har kome til Suldal. Men Fivelstad seier dei er mottakelege for fleire oppdrag når dei først er her.

– Me utfører alt av entreprenørtjenester innan elektroarbeid, samt betongarbeid og montasjearbeid av stålkonstruksjonar, som t.d. kraftmaster.

Han understrekar og at selskapet passar på å handla lokalt. – Me leiger hytter på Gullingen hyttetun, og me kjøper inn alt av forbruksvarer på Monter.
Her er One Nordic Kraftmontasje as på nett: http://www.one-nordic.no