Statnett

Godt etablerte på Sand

Statnett etablerte seg med anleggskontor på Garaneset i januar, og til nå er ni personar installerte på Sands-kontora. Ein kortreist gjeng, ifølgje Bjarte Skipevåg i Statnett.

Når han tel opp kollegene sine, finn han at dei fleste av dei er frå Suldal og området rundt. I løpet av våren skal dei utvida staben ytterlegare, slik at alle 12 kontora blir oppfylte.

Bjarte Skipevåg
Statnett har fått seg eit hyggeleg tekjøkken der Bjarte Skipevåg og kollegene kan laga seg kaffi og få seg litt mat og daglege nyhende.

Statnett har fleire prosjekt på gang i og omkring Suldal for tida. Anleggskontoret på Garaneset jobbar med nytt ledningsnett mellom Lyse og Sauda, der leidningsnettet skal oppgraderast frå 300 til 442 kilovolt. Lyse-Sauda er ein del av kraftledningstraséen i det som kallast Vestre korridor, forklarar Skipevåg. – Me skal byrja med riggplassering og vegar i år, og så byrjar linjebygginga neste år.

I møterommet har Statnett to store skjermar og sprek møteteknologi som gjer at Skype-møta går som smurt, og det sparar både tid og pengar for bedrifta.

Linjene skal vera ferdige i 2021, og prosjektet skal vera rydda og heilt ferdig i 2022. – Så då får me seks år totalt her på Sand, seier Skipevåg. Han arbeider som grunneigarkontakt i dette prosjektet og jobbar med å sikra rettar og grunn til linjene. Det er eit greit arbeid å gjera, seier han, i ein kommune som har godt klima og gode tradisjonar for anleggsarbeid. – Me møter stort sett berre positive haldningar til dette, seier han.

Å etablera seg i næringsparken har heilt klart hatt sine føremonar, seier Skipevåg. Det er tilbod på huset som kjem godt med i arbeidskvardagen, som til dømes bokhandel og it-folk. Han medgjer likevel at dei ikkje har vore dei flinkaste til å oppsøka kantina og fellesareala til nå.

– Me er nok utprega matpakkespisarar, og me har også veldig stor glede av fagmiljøet me har skapt oss. Me er veldig godt fornøgde med dei flotte lokala me har her.

Her kan du finna Statnett på Facebook: https://www.facebook.com/statnett/