Historisk frå Sand

Verven på Sand
Verven på Sand, i 2015.

Verven på Sand

Det var tidleg på 1860-talet Thore Askildsen Underbakke (1844-1922) kom frå Suldal til Sand for å byrja som butikkhjelp hos søstera og mannen, Siri og Paul Vidvei. Husmannssonen frå plasset Moen på Underbakka i Suldal skulle etter kvart koma til å byggja opp ein av dei viktigaste forretningane på strandstaden, og etterkomarane hans i to hovudgreiner skulle koma til å gå i hans fotspor i fleire generasjonar, like fram til i dag.

Paul Vidvei døyddde i 1873. Då var det butikkdrengen starta opp for seg sjølv.
Første kona hans, Margrete f. Thorsen (1847-77), hadde i si tid tent hos landhandlaren Thore Rasmussen i Nore’en på Sand. Andre kona, Hanna Fredrikke Bolstad (1861-1923), som var dotter av ein hattemakar som kom til Sand frå Drammens-kanten, hadde òg butikkerfaring. Ho var berre 17 år då ho og Thore gifta seg i 1878. Han var dobbelt så gamal.

Thore Underbakke fekk gjennom bygsling hand om 3 eldre hustomter i hovudgata på Sand i 1874, på hjørnet til Sandsbrautå, den gamle prestevegen frå sjøen og opp til kyrkja. Der sette han opp eit stort hus i to etasjar midt på 1870-talet. Då huset brant ned i den første store strandstadbrannen i 1879, sette han opp eit nytt og identisk hus. Då dette òg gjekk tapt, i den neste store brannen (1892), bygde han det tredje huset på tomta. Det står den dag i dag, likt dei to første. Sidan kjøpte han grunnen under huset i eit par omganger.

Den første landhandlartida til Thore Underbakke var mykje byttehandel, der han tok imot høy, bark, staur og liknande frå bøndene oppetter dalen, som han selde vidare. Sambygdingane hans frå Suldal utgjorde ein stor del av kundegrunnlaget.

Men ganske snart utvida han verksemdene sine med trelasthandel, sagbruksverksemd og skipseigedom. På 1890-talet var han medeigar og disponent for rutebåten «Robert», som konkurrerte med Stavangerske i rutetrafikken i Ryfylke.

I over 30 år dreiv han tømmerhandel, kjøpte opp skog på rot og tilsette folk til å hogga ut. I seinare tid dreiv han i lag med trelasthandlar og sagbrukseigar Sven D. Svensen, som sette opp sagbruk på Groen i Søreenden på Sand i 1918 (Svensasagjå). Før det dreiv dei to mellom anna mykje på Ås-sagjå inne i Sandsfjorden, som dei to kompanjongane kjøpte i 1908. I 1912 kjøpte Underbakke og Svensen Borgøynå og i 1916 garden Ringja, begge i Nedstrand. Det var sjølvsagt skogen dei var ute etter.

Thore Underbakke hadde elles forretningssamband med oljeselskapet ESSO frå første stund det kom til Noreg, 1893/94. Han forhandla parafin til lampelys, sidan òg til motorar. Dette er bakgrunnen for Sand Servicesenter i dag, som Underbakkefamilien i greina Tor Underbakke d.e., Tor Underbakke d.y. og Thore Underbakke d.y. dreiv i 3 generasjonar fram til nærare 2000-årsskriftet.

I 1889 kjøpte Thore Underbakke den nedre delen av den tidlegare gjestgjevarstaden i Søreenden på Sand. Det var den delen av eigedomen som låg nedafor gatepartiet, der Thomas Tonning i sin tid hadde hatt sin skipsverv. Eigedomen kom til å gå under namn av Verven. Forutan sjølve verftseigedomen fylgde det med bryggje og sjøhus.

Hanna og Thore Underbakke var misjonsfolk, med særleg interesser for Kinamisjonen. Dette fekk mellom anna utslag i forretningsetikken, der det heitte, om Thore Underbakke i ei samanlikning med ein annan tømmerhandlar: «Dei hadde kvar sin måte å handsama bøndene på når dei skulle kjøpa tømmer». I huset på Sand var det både piano og orgel, og familien hadde hytte på Froa i Suldal. Det heitte seg at Thore hadde sett seg ut tomt der då han som liten gut var gjetargut på Førland, og gjætte oppetter mot Frøkjedalen. Då låg Froa bada i lys av sola om kveldane.

Hanna og Thore Underbakke fekk 9 born. Ei av døtrene utdanna seg til jordmor i London, med tanke på å reisa ut som misjonær. Ein av sønene Fritjof (1899-1916), døydde som gymnasiast i Oslo, på Kristelig gymnasium. Dei to attlevande sønene, Tor (1896-1968) og Sverre (1902-77), overtok forretning og eigedomar etter faren. Dei overtok òg ekspedisjonen av Stavangerske etter Gunder Mikkelsen på Sand. Det var i 1924. Kring 1905 hadde gamle Thore Underbakke bygd eit stort sjøhus som lager nedpå Verven. Sønene Tor og Sverre flytta ekspedisjonen dit.

Tor Underbakke hadde 1/2 års handelsutdanning frå Treiders handelsskole i Kristiania. Sverre hadde gått gymnaset på Kongsgård i Stavanger, og hadde så vidt byrja studera medisin i Oslo då foreldra døydde 1922/23, og han gav opp studiene for å overta heime.

Litt opp frå sjøhuset, på Verven, hadde Underbakke-familien i mellomkrigsåra ein liten «krok» med næringsbygg, mest forma som ein hestesko. Det var landhandelen, det var eit røykehus, det var hestestall og venteværelse for Suldal billag og det var kontor og ekspedisjon for firmaet.

Brørne Tor og Sverre Underbakke dreiv sine forretninger delvis i lag og delvis kvar for seg. Tor hadde landhandelen, som han etter kvart utvikla til ein spesialforretning med frukt, sjokolade, tobakk – og syklar, samt bensinutsal. Sverre hadde tyngda av arbeidet med båt- og bil-ekspedisjonen. Kona Astrid (f. Nielsen), var telegrafist og tente i 43 år på Sand telefonstasjon. Først så seint som i 1953 delte dei to brørne den gamle verftseigedomen imellom seg. Skifteslinja kom mellom anna til å gå midt gjennom det gamle sjøhuset far deira hadde bygd.

Sverre Underbakke sin son, Fridtjof Underbakke (1935-78), overtok kring 1958 Underbakkes Dampskibsekspedisjon i lag med kona Solveig f. Helland. Då Fridtjof døydde brått i 1978 dreiv Solveig vidare halvtanna år fram til sonen Sverre Underbakke d.y. (f. 1958) overtok i (1980). Han var då ein ganske ung mann. Saman med tremenningen Thore Underbakke d.y. sette han straks i gang med bygging av eit nytt sjøhuset på kaien, det som i dag går under namn av «Skipsekspedisjonen» (1983).

Ernst Berge Drange, bygdebokskrivar/førstekonservator Ryfylkemuseet

Bakgrunnshistoria til Verven på Sand er skrive av Ernst Berge Drange for Underbakke as.