I glede og sorg, og til kvardags

På Krambua blomster merker dei at me nå er på veg inn i bryllaupssesongen.

I år skal brurabukettane være litt meir viltre i forma, fortel dagleg leiar Margrethe Klungtveit. Trendane svingar, også på denne fronten. Og det som brurebuketten består av går som regel att på festbordet, både i val av blomar og ikkje minst i val av fargar.

KRISTINE ROSSÅ
Kristine Rosså i Karmbua blomster sel ikkje berre blomar, men også ei rekkje interiørskattar og småmøbel til hagen.

Når det gjeld uteblomar, som kanskje er like mykje til kvardag som til fest, er det framleis lobelia og spanske margerittar det går mest av. Det er gode vårblomar som held seg lenge viss dei blir gjødsla og vatna godt. Gje dei gjerne hevd kvar gong du vatnar, tilrår Klungtveit, så kan du ha dei til utpå hausten.

– Nå venter me på å få inn hagehortensia som me veit at mange vil ha, seier makkar Kristine Rosså.

Margrethe Klungtveit
Jordbæramplar har me fått inn nå, seier Margrethe Klungtveit. Dei med rosa blomar skal visstnok gi meir smaksrike bær.

Blomebutikken leverer blomar til alle slags tilstelningar og viktige hendingar. Skulle du trenge å senda blomar andre stader i landet, så kan dei hjelpa med det, i og med at dei er med i den landsomfattande kjeda Interflora.

– Me leverer også blomar til alt frå barnedåp til gravferd, og me kan også ta på oss stell av graver, fortel Margrethe Klungtveit. Dei kan ta enkeltjobbar, men like gjerne kan du få ein langsiktig avtale der dei steller ei grav fast fire gonger i året. – Når jobben er gjort sender me bilete av grava til kunden slik at dei får følgja med på korleis det ser ut.

Toppbilete: Margrethe Klungtveit (biletet) og medieigar Kristine Rosså opnar butikken klokka ni på kvardagar. Dei er to tilsette på det jamne, og så har dei laurdagshjelp som tar annakvar helg. – I tillegg bruker me eigne barn til ekstrahjelp og levering, ler Klungtveit.

Krambua på Facebook