Jobbar for lærlingane

– Ein typisk arbeidsdag for meg? Eg er mykje ute og treff ungdom og bedriftene dei er i. Eg skriv kontraktar, held kurs, har vurderingssamtalar og melder lærlingar opp til fagprøve.


Slik skildrar Bente Kjos-Wenjum ein typisk dag hjå opplæringskontoret Rytopp som held til i andre høgda i Næringsparken. Men kva er eigentleg eit opplæringskontor? – Me er eit sørviskontor for lærlingar og bedrifter i Ryfylke, forklarar Kjos-Wenjum. Ho er den eine av dei to som jobbar på Rytopp, og jobben hennar er å følgja opp lærlingar og bedriftene dei jobbar i gjennom heile læreperioden deira.

I prakis betyr det at lærlingane har lærekontrakt med Rytopp, og det er Rytopp som passar på at lærlingane har ei læretid som er i tråd med det opplæringslova krev. Dei har ansvaret for at systema knytt til det å vera lærling fungerer, og dei er bindeleddet mellom alle partane: lærlingen, lærebedrifta og fylket.

– Det er bedriftene som eig oss, og eigarane har då oppretta dette kontoret for at me skal ta oss av alt kring lærlingane slik at bedriftene ikkje treng tenka på det administrative med å ha lærling, seier Kjos-Wenjum.

Rytopp lærlingar
Rytopp held kurs og syter for fagleg påfyll, og har også jamlege møte med lærlingar og bedriftene deira. Foto: Rytopp

Men sjølv om bedriftene er dei som eig, så skal Rytopp vera ein nøytral part mellom lærling og bedrift, og både lærlingar og bedrifter skal kunne komma til Rytopp for hjelp hvis det er noko dei ønskjer å ta opp.

–Me kan også hjelpa ungdom å finna læreplass eller bistå bedrifter som ønskjer å ta inn lærlingar.

Rytopp Bente
Bente Kjos-Wenjum i Rytopp finn du i Næringsparken på Garaneset, viss ho ikkje er ute på farta med lærlingane. I nabokontoret sit kollega Hans Sæther, som ikkje var der den dagen me var på besøk.

Rogaland har fått merke nedgangen i oljeindustrien, arbeidsmarkedet er blitt betydeleg strammare, og det fører og til at det er vanskelegare å skaffe seg læreplass, særleg innan oljerelaterte fag.

– Det blir jobba godt på mange frontar for at ungdommar som står midt i utdanninga si skal få fullføra med fagbrev. Då er me heilt avhengige av å ha med bedrifter som tek samfunnsansvar, også i nedgangstider. Me samarbeidar og med for eksempel fylket, kommunane og NAV for å få flest muleg i sving. Det er utruleg viktig at ungdomar ikkje blir sitjande i kjellaren, utan fullført utdanning eller jobb. Dette vil vera ein dårleg start på vaksen-livet – og me har jo bruk for arbeidskapasiteten deira – om ikkje akkurat no – så litt fram i tid, seier Kjos-Wenjum.

– I Rytopp har me rimeleg god aktivitet, på tross av nedgangstidene. Om lag halvparten av våre ungdommar har læreplass i kommunane, og deira tenestetilbod rullar og går som normalt.

Rytopp har to tilsette i to årsverk. Ryfylkekommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Finnøy, Strand og Forsand er med i Rytopp, samt ei rekkje private bedrifter. Antalet varierer litt, og er stigande. Akkurat i dag har Rytopp 100 bedrifter i porteføljen.
Toppbiletet er Rytopp sitt eige.
Rytopp på Facebook.