Klippe, klippe, klippe!

Treng du ein liten vårpuss sjølv? Næringsparkens eigen frisør, Claudia Block, kan hjelpa!

Ho har drive salongen Claudias frisør på Sand i åtte år nå. Ei tid var ho i Gata, men dei seinare åra har ho vore å finna i Næringsparken på Garaneset, like overfor blomebutikken. Der har ho ope fire dagar i veka, tysdag til fredag, med langdag på torsdag, som dei fleste har.

Claudias salong
Fine frisyrer, form og farge – du finn det du treng i salongen til Claudia.

I lette og lyse lokale klypper og steller ho hår for kundane sine, unge som gamle. Ho har eiga Facebookside der folk kan bestilla timer. Du kan også bestilla ved å senda tekstmelding.

Claudias salong er ein av tre frisørsalongar på Sand, og det er nok arbeid nok til alle tre, meiner Claudia Block. Sjølv har ho arbeid på sjukeheimen ved sida av salongen. Dit reiser ho og steller krøller og lokkar einskilde dagar.

– Det er variasjonen i arbeidet som fenger mest, seier Claudia Block. Ho vil ikkje seia at ho likar det eine betre enn det andre, for kven ville vel eigentleg trivest med berre å farga? Eller berre å klippa? Nei, varierte dagar med kundar som har ulike behov og ulike stilar, det er det beste!
Toppbilde: Frisør Claudia Block svinger saksa i sine lokale på Garaneset. Ho er også frisør for sjukeheimen på Sand.
Claudias frisør på Facebook