Det er eit vidt spenn i ansvarsområda til kyrkjekontoret i Suldal.
Gudstenester, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferder, leksehjelp, trusopplæring, babysong og kyrkjer og kyrkegardar. Alders- og sjukeheimane i kommunen har mellom anna tilbod om andakt ein gong i veka, fortel kyrkjeverje Anne Marit Øvstebø.
Dei sju tilsette på kontoret, to prestar irekna, har mange daglege gjeremål og jobbar etter både lange og korte linjer. Prestane og organistane bruker mykje av arbeidsveka på å førebu gudstenestene.

Nett nå er kyrkjekontoret i innspurten på ein overordna plan for trusopplæringa, som skal til biskopen for godkjenning. Det er ein av dei lange linjene, eit stort stykke arbeid som legg føringar for vidare arbeid med trusopplæringa, forklarar Øvstebø.
Det blir gitt leksehjelp til flyktningar både på Jelsa og på Sand, eit stort stykke arbeid som blir gjort ved hjelp av mange frivillige. Diakonen er den som har ansvaret for å organisera dette arbeidet, i samarbeid med introtenesta.

Det er rett som det er at folk finn vegen inn til kyrkjekontoret i andre høgda i Næringsparken, fortel Øvstebø. Ofte kjem dei for å snakka om gravferd, barnedåp og bryllaup.
–Mange har også spørsmål kyrkjegardane og graver, og der svarar me som best me kan, seier Øvstebø, som kan fortelja at det er kyrkjekontoret som har ansvaret for kyrkjebygga og kyrkjegardane, men at kommunen utfører vedlikehaldet.
– Me har mange frivillige med oss, på svært mange felt. Dei er også oppom kontoret vårt rett som det er.
Kyrkja i Suldal på nett