Leiker, lesestoff og it-hjelp

– Denne boka burde me nesten selja i lag med ein pakke lommetørkle, ler Irene Natland på Ryfylke Bok & IT. Ho har nett lese boka Lytt til lyset, og ho meiner denne trygt kan anbefalast til dei som allereie er inne i Jojo Moyes sitt bok-univers. Og det er ikkje til å legga skjul på at det er denne typen romanar det går absolutt mest av. – Det, og så krim, legg Natland til.

Irene og Ranveig
Ryfylke Bok & IT har fem tilsette på Sand og to i Sauda, nokre av dei går til og frå mellom kommunane. – I tillegg har me ungdommane våre som er ekstrahjelp på torsdagar og laurdagar, seier Irene Natland (t.h.), her saman med Ranveig Løvik.

I tillegg til bøker, kan dei tilby leiker, kontorvarer, hobbyartiklar, pc-ar og mobiltilbehør – og kvitevarer. Det siste er det kanskje ikkje så mange som veit ennå, seier Natland.
– Me har ikkje eit stort lager, men me kan bestilla det meste.

Den lokale målarklubben er ivrige brukarar av hobbyavdelinga, og leiker går det jamt og trutt, mykje til jul, men og så fort det er ein bursdag og to.
– Me er jo også den dei einaste som kan tilby it-tenester på Sand, seier Natland.

No framover er det konfirmasjonstid, så Natland venter inn ein god porsjon varer, med lys, serviettar og kort som høver til tida.

Marc Soffe og Eirik Riecke Hamra er it-avdelinga!
Marc Soffe og Eirik Riecke Hamra er it-avdelinga!

Bokhandelen på Sand haldt lenge til nede i Gata. På eit tidspunkt vart det bestemt at bokhandelen og it-avdelinga skulle slå seg saman, for å sikra vidare drift. Og med det flytta bokhandelen opp til Garaneset og inn i lag med it-avdelinga. Det skjedde den 11.11.11, og det betyr at Ryfylke Bok & IT no har vore på Garaneset i 4 ½ år. Etter det har også bedrifta utvida med ei avdeling i Sauda, der dei hovudsakleg tilbyr elektriske varer og it-produkt. Ryfylke Bok & IT vart Gasellebedrift i 2015.

Irene Natland anbefaler boka Lytt til lyset
Irene Natland anbefaler boka Lytt til lyset

Irene Natland fortel om boka Lytt til lyset:
Stella jobbar som nattevakt på eit sjukehus, og i dei mørke nattetimane hjelper ho pasientar med å skrive sine siste brev. Ingen veit at Stella brukar jobben som ein fristad frå eit ekteskap som er på veg til å havarere. Mannen til Stella kom heim alvorleg skadd frå FN-teneste i Afghanistan, og han nektar å fortelje kva som har skjedd. Nettene på sjukehuset gi Stella ro. Me blir kjent med Stella og personane ho møter på sjukehuset. Det er eit stort og herleg persongalleri som, kvar på sin måte, fortel si historie. Rørande, engasjerande og til tider trist, men først og fremst ei bok full av håp!
NB! Boka bør seljast saman med lommetørkle!

Ryfylke Bok & IT på Facebook