– Mat må me ha

I Næringsparken på Garaneset har me nå eiga kantine der alle som jobbar på huset kan kjøpa seg fersk og god lunsj kvar dag.

Det er attføringsbedrifta Rysteg som har ansvaret for maten. Stig Harald Jakobsen og Geir Inge Johnsen på Rysteg fortel at dei har lunsjen klar til klokka 11, og maten blir servert heilt fram til 12.30.
Det er brød og mykje godt pålegg på bordet kvar dag, som dei lagar til og set fram. Somme dagar har dei også varme fiskekaker, varme baguettar eller vaflar for å variera. Vaffelsjef Jakobsen fortel at det er syltetøy og kanskje rømme som er det folk helst vil ha på vaflane sine. ­Men brunost kan dei også få, og det synest han er noko av det beste sjølv.
Dei kantineansvarlege har ikkje heilt fri i lunsjen, dei går ut og passar på at det ser bra ut på fata, og så rydder dei vekk maten når kantina stenger. Dei har eit lite kjøkken på sida av spisesalen der dei lagar til og oppbevarar maten.
Og oppvasken? Den har alle ansvar for. Dei som har mat i kantina finn seg servise og forsyner seg sjølve, og rydder sjølvsagt opp etter seg til slutt.
For å kunne bestilla mat i kantina må ein ha eit klippekort eller månadsabonnement.