Jelsa kyrkje

– Me hjelper deg med alt til gravferda

– Hovudoppgåva vår er å hjelpe dei pårørande som er i sorg og skal gå gjennom ei vanskeleg tid, seier Gunda Berge og Monica Berge Fjæra i Suldal gravferdsbyrå.

– Me tar oss av alt det praktiske, frå annonse i avisa til minnestund og val av gravstein.
Suldal gravferdsbyrå er ein avdeling av Ølen gravferdsbyrå, og dei har halde til på Sand sidan 2012.

– Det varierer kor ofte me er på kontoret på Sand, ut frå kor mange oppdrag me har. Me har samtalar med pårørande og familiane på kontoret, men veldig ofte ønskjer dei at me skal ta den samtalen i heimen eller på sjukeheimen.

Gunda Berge og Monica Berge Fjæra i Suldal gravferdsbyrå. Ølen gravferdsbyrå har avdeling i Odda og på Sand i Suldal. (Foto: Svein Egil Økland)
Gunda Berge og Monica Berge Fjæra i Suldal gravferdsbyrå. Ølen gravferdsbyrå har avdeling i Odda og på Sand i Suldal. (Foto: Svein Egil Økland)

Suldal gravferdsbyrå samarbeider med lokale butikkar på Sand, og kan tilby alt frå a til å, det vere seg songarar i kyrkja, lokale for minnestund, blomar, catering, transport mellom sjukeheim/sjukehus og til bårehus eller gravplass.

– Me kan også hjelpa med val og oppsett av gravstein, seier dei, og understreker at pårørande også kan ordne noko av det praktiske sjølve, viss dei ønsker det.

– Det er ikkje alle som er klar over at me kan hjelpa med val av stein og nedsetting av gravstein. (Foto: Svein Egil Økland)
– Det er ikkje alle som er klar over at me kan hjelpa med val av stein og nedsetting av gravstein. (Foto: Svein Egil Økland)

Det som er nytt for mange nå, er dette med minnesider. Det blir meir og meir brukt, fortel damene frå gravferdsbyrået. Kanskje mest av den yngre generasjonen ennå. Men stadig fleire finn vegen til nettet der ein kan oppretta ei personleg minneside og legga inn personlege minne om den avlidne i form av bilete, tekst og film. Praktisk informasjon om gravferda vil ein og kunne finna på slike sider. – Me bruker minnestund.no til dette, seier dei to i Suldal gravferdsbyrå.
Byrået har kontor i første etasje i Næringsparken på Garaneset. Dei har dessutan 24 timars vakttelefon, slik at dei alltid vil vera klar til å hjelpa når du treng dei.
Her finn du Suldal gravferdsbyrå