Fonnafly coverbilde

Med base på Sand

Dei tar all slags oppdrag, Fonnafly. Både dei eksotiske og dei meir daglegdagse.

Det var stas så sjølvaste Jetman Dubai, Yves Rossy, kom til Norge i sommar for å fly for eiga maskin, og då var det nettopp Fonnafly som tok han opp i høgda. Rossy, ein sveitsisk tidlegare pilot, flyg med spesialkonstruerte venger drivne av ein jetmotor, og han kan tilbakeleggja store avstandar på denne måten.

Ein annan av dei meir eksotiske jobbane dei har er helikopteret dei har på Grønland i haust, der forskarar er på staden for å sjå på isforholda, fortel Sverre Underbakke, som nå er acountable manager i Fonnafly.

Helikopter
Fonnafly har helikopterbase med hangar og landingsplass bak Næringsparken på Garaneset. Kontoret ligg inne i Næringsparken.

Firmaet har til saman 14 helikopter i Stryn, Bergen, på Sola, Kjevik og Torp – og på Sand. Det er også på Sand administrasjonen ligg, og her har dei vore i omlag sju år, seier Underbakke. Sand vart vald som sete for hovudkontoret fordi det ligg midt i sentrum av eit krafthjarte der ein vesentleg del av straumen vår blir produsert, held han fram. Her er rikeleg med oppgåver innan linjebygging og elles knytt til kraftproduksjon og til hyttebygging, og mellom kundane finn me Suldal Elverk, Lyse, Statkraft og Statnett. Firmaet tilbyr også tenester til privatpersonar, som sightseeing og pakketurar.

Sverre Underbakke
Fonnafly har 56 tilsette fordelt på 44 årsverk. Firmaet har i dag 14 helikopter i svev, fortel Sverre Underbakke.

Følgde du med på Tour des Fjords langs løypa, og det er det rimeleg sikkert at du gjorde, så er sjansen stor for at eit team i eit helikopter var med og fanga deg på film. All filming av sykkelrittet frå lufta vart nemleg gjort frå eit Fonnafly-helikopter.
Fonnafly finn du på Facebook her.

Bilde: Fonnafly, Toyni Tobekk