Sand møbelsenter cover

– Seng, skap og skjenk – me har det!

Kva trur du det går mest av på Sand møbelsenter om dagen? Det er ikkje berre hagemøblar, viss det er det du trur.

– Senger og madrassar, det sel me utruleg mykje av for tida, fortel butikksjef Rita Kristin S. Grønås. Og det er nok ikkje fordi suldølen er så glade i å sova bort sumarnettene, det handlar nok mest om skattepengar og feriepengar som trillar inn for tida. Og kvalitet skal det vera. Kundane føretrekker å legga litt pengar ned i ei skikkeleg seng med skikkeleg madrass.
Det mange ikkje veit, er at du får kjøpt sengetøy og handklede på Sand møbelsenter. Det har dei hatt i mange år nå, men framleis kjem det som ei hyggeleg overrasking på mange.

Rita og Monica
Rita Kristin S. Grønås og Monica Erfjord driv Sand møbelsenter på Garaneset. Dei er alltid klare for ein hyggeleg handel!

Elles er det sjølvsagt hagemøblar det går ein del av for tida, men også møblar av alle slag: skjenker, stolar, bord – og tilbehør til bord og hyller.
Møbelbutikken på Sand har lange tradisjonar. I fjor kunne dei feira 40-årsjubileum, rett nok med ulike eigarar undervegs, men likevel! I takt med at utvalet har endra seg dei siste åra, har også kundegruppa endra seg. – Nå handlar alle her, både førstegongsetablerarane og dei som driv og innreiar for andre og tredje gong, fortel Grønås.

Varer Sand møbelsenter
Meir enn møblar: Sengetøy, handklede og bilderamer er noko av det som finst i sortimentet i møbelbutikken på Garaneset.

Framleis er det mykje lyse fargar som rår, også på møbelfronten. Men det kvite blir nå meir kombinert med treverk, gjerne kvitolja eik. Så spørst det kva som skjer til hausten og vinteren. Det får me vita etter at Grønås og Erfjord har vore på den store møbelmessa på Lillestrøm i september.
Men enn så lenge er det sommar og lyst, også i butikken i hjørna i Næringsparken.

Her finn du Sand møbelsenter på Facebook og på nett!