Suldal vekst cover

Skapar vekst i Suldal

Suldal Vekst jobbar for at du som har ein ide og vil å starta for deg sjølv skal få det til, og for at du som allereie driv bedrift skal kunne veksa.

– Spira, veksa, gro, seier Laila Steine, dagleg leiar i Suldal Vekst. Det er det det handlar om, det er det som er kjerneverksemda deira. – Me skal bidra til at det blir etablert nye bedrifter og arbeidsplassar i Suldal og samstundes hjelpa det etablerte næringslivet med å auka lønsemda si og bli større.

Suldal Vekst kan bidra med kompetanseheving og nettverk, dei kan hjelpa med utvikling av forretningside, marknadsanalyse, strategiarbeid og forbetringsarbeid, og på mange vis vera ein støtte og ein partnar for etableraren og den som har drive lenge. Gjennom næringshageprogrammet kan bedriftene få støtte til utviklingstenester.

– Me har fått auka rammene i næringshageprogrammet nyleg, og det betyr at enno fleire bedrifter kan bli del av dette, seier Steine.

Suldal vekst tilsette
Dei tre tilsette i Suldal Vekst er (f.v) Laila Steine, Marit Larsen og Elin Tjordal Haugen. Snart blir kollegiet fire. Til neste år skal Suldal Vekst utvida staben med ein forretningsutviklar.

Og det er nettopp dette med forretningsutvikling dei treng fleire ressursar til nå, i form av auka mannskap. Søknadsfristen til den nyoppretta stillinga som forretningsutviklar er nyleg ute, og dei skal nå inn i ein runde med intervju. Stadig fleire bedrifter er i kontakt med oss om sine store og små utviklingsprosjekt, der vekst og framtid er fellesnemnar, seier Steine, som har god tru på at dei har sin nye kollega på plass rundt årsskiftet.

I dag er dei tre personar som har tre årsverk på Suldal Vekst. Laila Steine jobbar med det administrative og utviklinga av bedrifta, samt at ho jobbar ein del rett mot bedriftene.

– Det gjer me for så vidt alle tre. I tillegg er Elin Tjordal Haugen vår reiselivsansvarlege. Suldal Vekst har vertskaps- og reiselivsutviklingsjobben til Suldal kommune i tillegg til at me driv turistinformasjonen for dei.

Det tredje bladet i buketten er Marit Larsen, som er prosjektkoordinator, sentrumsleiar og ikkje minst jobbar med entreprenørskap blant barn og unge.

– Det er verkeleg eit av dei områda av arbeidet vårt eg har lyst å trekkja fram, seier Steine og forklarar med stor entusiasme kvifor entreprenørskap i tidleg alder er eit tema for framtidig verdiskaping. Det har nyleg vore oppstart for Læring i Næring der dei unge og næringslivet i kommunen lærer å kjenna til kvarandre lenge før dei unge treng tenka på å byrja jobba. For bedriftene er det å la ungdommane prøvejobba hjå seg ein viktig del av ein framtidig rekrutteringsstrategi, forklarar ho.

– Dette er ikkje berre kjekt og hyggeleg for alle partar, det er også vantvittig nyttig, seier ho vidare og fortel at det er ungdom som har fått læreplass eller fast jobb etter ferdig utdanning hjå bedrifter dei har vore i gjennom Læring i Næring.

Laila, Marit, Elin
Dette er trekløveret som førebels utgjer Suldal Vekst. Men snart skal dei bemanna staben opp.

Suldal Vekst held til i andre høgda i Næringsparken, som også er ein næringshage, understreker Steine. Ho ser berre fordeler med bedriftene som driv næring side om side i eitt, snart to, bygg på Garaneset.

– Samlokalisering med andre bedrifter er heilt avgjerande for kor me skal ha kontor. Det er ein stor meirverdi for alle å vera ein del av eit større fellesskap, seier Steine og peiker på nettverk og felles tenestetilbod som nokre av dei store gevinstane. – Så viss spørsmålet er om me synest det er ein fordel å vera samlokaliserte her i Næringsparken, så er svaret JA – med store bokstavar.

Suldal Vekst på Facebook