Terje Bjørndal på Kulp Bistro har all grunn til å smila om dagen. Det går så det susar rundt han, og nå har han tilsett ytterlegare to nye kokkar på Garaneset.
– Sommaren har vore god, og me har hatt ein enorm vekst i det siste, seier Bjørndal.– For vår del kan eg ikkje seia me har merka noko til at ferja har slutta å gå.
På sju år har han gått frå å driva eit enkelmannsføretak til å nå ha ein arbeidsstokk som tel 17 tilsette. – Det har gått over all forventning, seier han sjølv.

Det er tysdag, klokka er så vidt ti og han har nett opna dørene til kafeen på Garaneset. I bakgrunnen jobbar kokkane med å førebu dagens middag, som er laks frå Hjelmeland, med sandefjordsmør, omnsbakte poteter og deilige grønsaker. Fiskegrateng skal det også bli. Det er middag som skal til annleggsfolk i fjellet, der er det om lag 50 mann som får transportert mat kvar dag. Og i disken på Kulp ligg ferdig smurde bagettar og ventar på at nokon skal komma og setja tennene i dei.
Det har vore litt å setja tennene i for Bjørndal også, i dei åra som har gått. Han har brukt dei på å veksa seg ut av lokala på kulturhuset og opp i eit større kjøkken i Næringsparken for å kunne satsa ennå meir på cateringen. I seinare tid har han dessutan blitt hotelleigar og.
– Eg merkar godt stordriftsfordelane med det å ha eit hotell i tillegg, seier han.

Då blir det kanskje ikkje så mykje tid til å laga mat lenger?
– Jo då, held Terje fram. – Eg skal laga mat til fleire bryllaup og store arrangement nå framover.
Men at det blir mykje meir administrasjon nå enn før, det er det ingen tvil om.
– Kven er den typiske kunden din?
– Det er alle. Folk frå kommunen, turistar, turgåarar, folk som jobbar her på huset …
På kveldane kan det stå ei god rekke med bilar utanfor, fortel han vidare. Det kan vera anleggsfolk som kjem for å få seg ein middag.
Og det er spesielt ein trend han har merka seg på dei åra han har drive med mat på Sand:
– Suldølen går oftare ut for å eta nå enn dei gjorde i den tida eg starta.
– Og kva er favorittretten til gjestene dine?
– Det er kyllingsalaten, kjem det kjapt. – Kyllingsalaten er signaturretten vår!