Det er helst lyse og lette fargar det det går i, til hus og hytter, både ute og inne, ifølgje Laila Vikse, butikksjef på Monter Suldal. Der merkar dei godt at våren og varmen er komen.

Det handlast mykje til hus og hytter nå om dagen, slår Vikse fast. Alt frå material til maling og beis, og innimellom det også husvask og kraftvask. For ein treng slett ikkje halda på å mala og beisa kvart år. Dagens maling er bestandig i mange, mange år. Men då må ein vaska og halda treverket i orden ein gong i året i alle fall, tilrår Vikse.

Også hagane skal til pers nå når det er tid for konfirmasjonar, syttande mai og andre høgtider. Monter har det meste du treng til å vedlikehalda hagen, og nett nå er det plenrobotar som er det store, kan Laila Vikse fortelja.

Ti tilsette er dei på Monter på Sand for tida. Butikken har eksistert i fleire variantar og under andre namn i ei årrekkje, og har lange tradisjonar innan trelast og fargehandel. Monter er den første butikken som opnar om morgonen i Næringsparken. Allereie frå klokka sju er det folk klare i utebutikken.
Biletet i topPen: Å få samla alle til eit bilete er ikkje berre enkelt, når kundane strøymer på. Men eit kort sekund hadde me dei, og dei er frå venstre: Knut Andre Aarsand, Brynhild Vikse, Ragnhild Solbakken, Laila Vikse, Leif Hustveit, Knut Otto Aarsand, Kjetil Brekke, Tore Eikesaas.