Helen Moen Gjuvsland frå Statens vegvesen

Lokaliserer seg i kontorfellesskap

Statens vegvesen har flytta inn i Næringsparken på Garaneset.

– Me hadde tidlegare prosjektkontor for tunneloppgraderinga oppe på Vinjarheim, men måtte seia det frå oss då det ikkje vart løyvd pengar til prosjektet, forklarar Moen Gjuvsland, som er einaste tilsette som har kontorplass i Suldal nå. Personleg kunne ho godt hatt heimekontor også, seier ho, men samstundes er det greitt å ha eit kontor å gå til der det er andre folk rundt ein kan helsa på og snakka med.

Byggeleiaren

Men noko sørviskontor for publikum er det ikkje ho driv på Garaneset. Det er ikkje henne me skal gå til når me skal fornya førarkortet, slår ho lattermildt fast.

– Eg er for tida byggeleiar for to prosjekt. Det eine er tunneloppgraderinga på fylkesvegane våre, det andre er ei miljøgate med gang- og sykkelveg som skal på plass i Vikedal.

Byggeleiaren sin jobb er først og fremst å styre entreprisekontrakten, forklarar Helen Moen Gjuvsland. Men i motsetnad til Sandsfjordbrua, der ho kom inn i prosjektet når planar og entreprenørar var klare, er ho her meir med frå starten av nå.

– Nett nå jobbar eg med å førebu konkurransegrunnlag og tilbodsteikningar, slik at me får lyst miljøgata i Vikedal ut på anbod.

Høyrer inn under Haugesund

I Vikedal håper ho dei kan starta med sjølve bygginga neste år, medan tunneloppgraderinga på fylkesvegar er eit påbegynt prosjekt som Statens vegvesen har mål av seg å vera ferdige med i 2025, men som samstundes avheng av finansiering og politisk godvilje undervegs.

Ho jobbar ikkje aleine med Vikedals-prosjektet, men resten av det kollegiet held hus blant anna i Ølensvåg, der dei også jobbar på eit anna prosjekt. Dei sorterer under Haugeunds-avdelinga til Statens vegvesen, men Moen Gjuvsland er fornøgd med å ha kontor på Sand. Det er ei praktisk løysing for familien, seier ho.

Å bygga er best

Det byrjar å bli nokre år sidan ho jobba med Sandsfjordbrua, men skal ho nemne nokre erfaringar derfrå ho har teke med seg inn i nye prosjekt, så blir det blant anna dette med å få vera med i planleggingsfasen.

– Du får prosjektet meir under huda når du får vera med i ein tidlega fase og kan få høyra korleis dei har tenkt, dei som har lagt grunnlaget for deg.

– Men, legg ho til. – Eg likar nå aller best å bygga!

Meir om Statens vegvesen sine prosjekt kan du lesa her:
Tunneloppgradering
Miljøgate i Vikedal

Bildet: Helen Moen Gjuvsland frå Suldalsosen er godt kjend i Suldal frå tida som byggeleiar på Sandsfjordbrua. Nå jobbar ho med nye prosjekt frå kontoret sitt på Garaneset.