Vil gjera deg synleg

Var du på 100-årsjubileet til Suldal Elverk nyleg? Då er sjansen stor for at du fekk med deg eit Filter-produkt heim. Det er nemleg dei som har laga det flotte jubileumsmagasinet som elverket delte ut til dei som kom og var med på feiringa.

Judith og Terje
Judith Sørhus Litlehamar og Terje Hodne bemannar Sands-kontoret til Filter.

Og dette er ikkje det einaste magasinet Filter står bak for tida. Heile tolv magasin-utgjevingar har Filter ansvaret for i år, fortel tekstforfattar og kommunikasjonsrådgjevar Judith Sørhus Litlehamar. Då tar dei som regel ansvar for produksjonen i alle ledd: tekst, bilde, layout, trykk og distribusjon.

Magasin
Jubileumsmagasinet til Suldal elverk byr på forteljing og bilete frå 100 år med elverkshistorie. Filter har hatt ansvaret for publikasjonen som vart delt ut i samband med 100-årsfesten for eit par helger sidan. Foto: Filter

Då Filter flytta inn på Garaneset i 2013 heit bedrifta Norsk Plan og hadde fire tilsette. Sidan då har dei vore gjennom eit namnebyte og i fjor vart dei kjøpt opp av Omega i Ølen. I dag tel Filter ni tilsette, og Litlehamar og grafikar Terje Hodne bemannar Sands-avdelinga på det jamne.
– Ein dag i veka samlast me i Ølen, fortel dei.
Nett nå er dei i sving med ein haustkampanje på nettsider, men dei er opptekne av å formidla at det også er mykje meir dei har å by på: Brosjyrar, annonser, pressemelding, bilde, kampanjar, og kanskje rett og slett gode råd om korleis du skal komma deg frå a til å i kommunikasjonsverda.

Ny nettstad
Ryfylke kunstlag har nett fått ny nettbunad – frå Filter! Foto: Filter

Eller dei kan til dømes drifta Facebooksida di, slik dei gjer for mellom andre Vindafjord Tomteselskap/Min bit. – Det er mange kanalar å velja frå, mange sosiale medium å bruka. Kanskje skal du ikkje bruka tida di på alle, føreslår Litlehamar og Hodne. Vel deg det mediet du føler gagnar deg best og bruk tid og krefter på det, rår dei. Og synest du det blir for tidkrevjande, så har dei råd for det også.
– Me kan ta oss av det for deg, så slepp du tenka på det.

Filter på Facebook