Rimeleg og hyggeleg overnatting, midt i hjarta av Ryfylke.

Midt i Sand sentrum ligg Suldal hotell i idylliske omgjevnader, med utsikt til Sandsfjorden som ligg berre nokre meter unna. Hotellet er omkransa av butikkar og severdigheiter som Høse Bru og vår nasjonale lakse-elv Suldalslågen. Naturen er tett på.

Sand i Suldal er ein naturleg stoppeplass for deg som reiser mellom Preikestolen og Trolltunga.

Du finn parkering rett utanfor hotellet og i umiddelbar nærleik. Hurtigbåten frå Stavanger legg til rett utanfor hotellet.

 

Du finn oss midt i sentrum, med båthamn, butikkar og kulturtilbod rett utanfor hotellet.

Slik finn du fram

Tlf: 51 22 55 55

Adresse: Gata 2, 4230 Sand

Båtruter: Frå Stavanger til SandFrå Sand til Stavanger

Suldal Hotell – midt i reiselivet

Suldal har lange tradisjonar for hotelldrift. Laksefiske og storslått natur har lokka reiselystne til kommunen i årevis. Suldal Hotell, slik me kjenner det i dag, opna i 2013, men det har vore hotelldrift i bygget vårt ved fleire høve opp gjennom tidene.

Overnatting i Ryfylke

Vårt fortrinn er den praktiske plasseringa i sentrum, med parkering rett utanfor hotellet og hurtigbåt som legg til ein kort gåtur unna. Anten du kjem som laksefiskar, turist eller som anleggsarbeidar: Sjå oss vil du finna rimeleg og god overnatting på Sand – perla i Ryfylke.