Opplev det beste av Suldal ved å bu på Suldal Hotell, idyllisk plassert langs den vakre Nasjonal turistveg Ryfylke, riksveg 13, midt i hjartet av Sand sentrum. Her er du tett på alt som skjer – nyt komforten av å bu i sentrum, der du finn ei rekke spanande opplevingar og fasilitetar like rundt hjørnet!
Høse Bru og Suldalslågen
Ryfylkemuseet med Kvitebjørnen (aktiv utstilling for barn)
Hurtigbåt (Ryfylke – Stavanger / Stavanger – Ryfylke)
Eit godt utval av daglegvare- og andre butikkar. Sjekk gjerne ut butikkane i Næringsparken på Garaneset.
Nyt fantastiske fiske- og turopplevingar med Suldalslågen, ei av Noregs beste lakseelvar, like ved hotellet. I tillegg har du Gullingen – eit eldorado for naturopplevingar og friluftsliv – berre ein kort kjøretur unna. Her ligg alt til rette for uforgløymelege naturopplevingar, enten du vil fiske, vandre eller utforske vakre Ryfylke!
Bu på hotell i Suldal?
Sand er kommunesenteret i Suldal. Sand sentrum er eit hyggeleg sentrum med kvite trehus heilt ned til fjorden, ei hovudgate som faktisk heiter Gata, og med små butikkar som har det meste av det du treng. Suldalslågen som renn ut i Sandsfjorden er ei svært ettertrakta lakseelv av nasjonale dimensjonar, og det er gangavstand frå hotellet til elva og den prisbelønna Høse bru.
Bur du på Suldal hotell i Suldal, har du naturen tett på, og samstundes ligg vegen og fjorden rett ved når du skal komma deg til og frå.
