Rom på Suldal Hotell

Bestill billig overnatting på booking.com

Rimeleg og hyggeleg overnatting, midt i hjarta av Ryfylke.

Midt i Sand sentrum ligg Suldal hotell i idylliske omgjevnader, med utsikt til Sandsfjorden som ligg berre nokre meter unna. Suldal hotell er omkransa av butikkar og severdigheiter som Høse Bru og vår nasjonale lakse-elv Suldalslågen. Naturen er tett på.

Sand i Suldal er ein naturleg stoppeplass for deg som reiser mellom Preikestolen og Trolltunga.

Rom på Suldal hotell

Me har 23 rom fordelt i to etasjar: 14 enkeltrom og 9 dobbeltrom.
Innsjekk kl. 15.00 og utsjekk kl. 12.00, eller etter avtale.

Fasilitetar:

  • Bad
  • Wifi
  • Fjordutsikt (dei fleste)
  • Frukost 24 timar
  • Smørelunsj
  • Parkering

Det er gode parkeringstilhøve rundt hotellet. Kontakt oss før du kjem, så kan me fortelja deg kor du best parkerer.

Les våre reviews på Facebook.

Les våre reviews på Google bedrift.

Mat og drikke

Suldal hotell i Ryfylke er eit sjølvbeteningshotell, noko som betyr at me ikkje tilbyr servering av lunsj og middag direkte på hotellet. For å gje gjestene fleksibilitet har me derimot frukost tilgjengeleg heile døgnet, 24 timar i strekk, i vår trivelege frukostsal. Gjestene kan dermed nyte eit godt måltid når det passar best for dei. Det ligg fleire kafear i nærleiken, og me kan varmt anbefala Kulp Bistro for ei god matoppleving.

Kva kan Sand og Suldal by på?

Sand er kommunesenteret i Suldal og perla i Ryfylke. Me er kjende for vår flotte natur med eit rikt tilbod av aktiviteter og severdigheiter. Suldal kommune er ein langstrekt kommune med høge fjell og djupe fjordar.

Ting å sjå og oppleva på Sand:

Høsebrua - eller Høse bru

Ting å sjå og oppleva i Suldal Kommune

  • Mektig natur på Gullingen med masse fine turmoglegheiter, både med og utan ski på beina
  • Eit rikt nett av turstiar i heile kommunen
  • Stranddalen turisthytte og andre tursithytter, både betente og ubetente
  • Ryfylkemuseet har strandstaden på Jelsa, Litunet, Håland, Kolbeinstveit og Røynevarden
  • Suldalsporten

Sjekk ut Visit Suldal sin nettstad for meir informasjon om spanande aktivitetar og opplevingar


Som gjest på Suldal Hotell får du eksklusiv tilgang til treningsstudioet STAS Knallform, slik at du kan holde deg i form under opphaldet ditt. Kontakt oss gjerne om du ønsker å benytte deg av dette fantastiske tilbodet!