








Rimeleg og hyggeleg overnatting, midt i hjarta av Ryfylke.
Suldal Hotell tilbyr komfortabel overnatting med fullpensjon til ein svært gunstig pris. Med 23 rom – 14 enkeltrom og 9 dobbeltrom – har me kapasitet til både kort- og langtidsopphald. Me har lang erfaring med å huse gjester som jobbar på prosjekt i Sand og Suldal, og tilpassar gjerne opphaldet etter dine behov. Ønskjer du ein langtidsavtale for dine tilsette? Ta kontakt med oss i dag for eit tilbod som passar deg!

Rom på Suldal Hotel
Innsjekk kl. 15.00 og utsjekk kl. 12.00, eller etter avtale.
Fasilitetar:
- Bad
- Wifi
- Fjordutsikt (dei fleste)
- Frukost 24 timar
- Smørelunsj
- Middag hjå Kulp Bistro
- Parkering
Suldal hotell har nokre eigne parkeringsplassar. Det er også gode gratis parkeringstilhøve i nærleiken. Kontakt oss før du kjem, så avklarar me parkering nærare.
Mat og drikke
Suldal hotell er eit sjølvbeteningshotell, noko som betyr at me ikkje tilbyr servering av lunsj og middag direkte på hotellet. For å gje gjestene fleksibilitet har me derimot frukost tilgjengeleg heile døgnet, 24 timar i strekk, i vår trivelege frukostsal. Her kan ein også smøre med seg lunsj. Gjestene kan dermed nyte eit godt måltid når det passar best for dei. Me har avtale med Kulp Bistro for middag som gir ei god matoppleving.


Kva kan Sand og Suldal by på?
Sand er kommunesenteret i Suldal kommune. Sandsfjorden flyt fint forbi og er ein god kanal for så vel rekreasjon som kommunikasjon. Kommunesenteret vårt har eit fint tilbod av butikkar og spisestader. Meir om tilbodet på Sand og i heile Suldal finn du på våre nettsider og på nettstaden til Visit Suldal.
Suldal Hotell har avtale med treningsstudioet STAS Knallform. Gi beskjed dersom dette er aktuelt for deg og dine tilsette.
